Jon Balke og Vestnorsk Jazzensemble​

Torsdag 18. mars – kl. 19
Konsertsalen, Stord vidaregåande skule

Vestnorsk Jazzensemble er Vestnorsk jazzsenter sitt nye regionale orkesterprosjekt, som debuterte hausten 2019. Då samla ensemble-meisteren, komponisten og pianisten Jon Balke 13 flotte musikarar frå heile Vestlandet i musikalsk utfalding omkring eit repertoar med eit strålande utval frå Balke si rikhaldige komposisjonssamling – dvs. highlights frå bandprosjekt som Magnetic North, Oslo 13 og Batagraf. Prosjektet blei presentert i Stavanger og Bergen, og etter ein solid korona-pause kan vi endeleg invitera til eit gjenhøyr med dette flotte prosjektet.

Idéen med eit Vestnorsk Jazzensemble er å gi Vestland-regionen sine mange profesjonelle (jazz)musikarar rom for utvikling og stimulering gjennom deltaking i spennande og nyskapande orkesterprosjekt. Det er også eit sentralt poeng at vi på denne måten bidrar til at det blir skrive ny musikk for store ensemble, og at denne musikken blir gjort tilgjengeleg for eit større publikum. Ein vil starta samarbeid med ulike komponistar, solistar og bandleiarar, og besetning og instrumentering vil variera frå prosjekt til prosjekt

Band

Jon Balke – komponist/arrangør/bandleder/tangenter/perkusjon
– Gro Austgulen – fiolin
– Christine Oseland – bratsj
– Einar Halle – cello
– Elisabeth Lid Trøen – saksofoner
– Tor Yttredal – saksofoner
– Michael Barnes – saksofoner
– Håvard Funderud – trombone
– Simen Kiil Halvorsen – trompet
– Ivar Kolve – vibrafon/marimba/perkusjon
– Magne Thormodsæter – bass
– Øyvind Skarbø – trommer
– John Derek Bishop – elektronikk
– Bjørn Tomren – vokal & div.