Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

Bjørn Berge

4. desember @ 20:00 - 22:00

Bjørn Berge

Førjulskonsert med Bjørn Berge solo

4. desember får Stord igjen besøk av sveibuen Bjørn Berge. Han har lang fartstid og har mellom anna vunne to «Spellemannsprisar». No kjem bluesgitaristen til Stord Jazzklubb og opptrer denne gongen solo.
Berge har aldri vore redd for å blanda ulike musikksjangrar, han serverer gjerne både heftig gitarspel, balladar, blues og ”good time music”. Han har i løpet av karrieren opparbeidd seg eit solid live-rykte som ein bluesgitarist i verdstoppen, og har vitja store jazz-, blues- og rockefestivalar rundt om i Europa, Russland, Canada og USA.
Konsertane hans er ikkje alltid lette å setja i bås, då han kombinerer fleire musikalske sjangrar som folk, jazz, blues, rock etc.
”Fingerstylen” og energien hans er det ikkje mange som gjer han etter og det unike nivået hans har gjort han til ein ettertrakta artist og gitarist ute i verda. Han opptrer stort sett aleine på scena, då dette gjev han store moglegheiter for eigne tolkningar og improvisering.

Kjøp billettar

Detaljer

Dato:
4. desember
Tid
20:00 - 22:00
Kategori for Arrangement:
View Arrangement Website

Sted

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67
Stord, 5411 Norge
+ Google-kart
View Sted Website