Laster Arrangementer

« Alle Arrangementer

  • Dette event har allerede funnet sted.

Bryggerigangen Bluesband

20. november @ 20:00 - 22:00

Bryggerigangen bluesband

Laurdag 20. november kl. 20.00 på Stord Hotell

Bryggerigangen Bluesband vart skipa i 1977, og namnet kjem frå at alle bandmedlemane budde i “Bryggerigangen Borettslag” i Oslo. Bandet spelte inn plata “Blått Brygg” same året, og NRK laga eit 50 minuttars TV-program om dei i gården, i studio og på scena.

Absurde verbalinnslag og komiske tekstar, ofte framført på ein teatralsk måte, vart etterkvart bandet sitt varemerke, og musikken bar preg av at medlemane har bakgrunn frå rock og blues. Bandet vart svært populært og trekte fulle hus på intime klubbar kringom heile landet. Dei spelte hyppig på Prelaten i Tromsø og Studentersamfunnet i Trondheim frå slutten av 70-talet og godt ut på 80-talet, og dei var i ei årrekkje husband på legendariske Club 7 i Oslo. Dei spelte også på ei rekkje festivalar, deriblant jazzfestivalen i Molde, Notodden bluesfestival, Atlanterhavsfestivalen i Kristiansund, Sandnesfestivalen, Glommafestivalen i Fredrikstad, Tyrifjorden Bluesfestival og Drøbak Bluesfestival.

I -99 vart LP-plata «Blått Brygg» frå 1979 lansert på CD i høve gruppa sitt 20-års jubileum. I Blues Music Club vart plata kåra til månadens klassikar, og “Blått Brygg” vart, trass i alderen, tredje mest selde bluesplate i landet i 2000. Til saman har bandet sine medlemar bidrege på meir enn 100 plateinnspelingar med artistar som Halvdan Sivertsen, Geirr Lystrup, Anne Grethe Preus, Eric Anderson, Sverre Kjelsberg, Silje Nergaard, Nils Petter Molvær, Bjørn Eidsvåg, Jan Eggum, Karoline Krüger og Vamp.

Bryggerigangen Bluesband, med Bent Patey i spissen, maktar å formidla ekte kvalitetsblues med både humor og humør.

Bryggerigangen Bluesband:
Tom Gjertsen – gitar, vokal
Bent Patey – gitar, vokal
Frode Larsen – bass, vokal
Stein Inge Brækhus – trommer

Kjøp billettar

Detaljer

Dato:
20. november
Tid
20:00 - 22:00
Kategori for Arrangement:
View Arrangement Website

Sted

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67
Stord, 5411 Norge
+ Google-kart
View Sted Website