Levande musikk med improvisasjon, blåtonar og svingande rytmar.
Årets jazzklubb i 2023
Bli medlem
Stord Jazzklubb er ein viktig bidragsytar til det varierte kulturlivet på Stord. For å sikra støtte frå det offentlege og bedrifter er me avhengige at å ha mange medlemer. Det kostar berre 300 kr i året å vera medlem. Og då sparer du 100 kr på kvar konsert. Ungdom under 26 år (inntil fylte 26) får 50% i rabatt på medlemskontingenten. Bli medlem.
Eit lyttande publikum
Gjestande musikarar har fleire gonger kommentert frå scena at dei set pris på at publikummet vårt kjem for å oppleva konsertar og lytta til musikken, og nyttar tida før konserten, i pausen og og etter konserten til prat og sosial kontakt.
Jazz er så mykje…
Felles for jazzen me presenterer er kvalitetsmusikk framført av eminente musikarar som er dyktige til å improvisera og leikar seg i musikken. Men uttrykket kan variera og henta impulsar frå t.d. dixieland, tradisjonell amerikansk jazz, moderne nordisk jazz, rock, pop, folkemusikk eller country.