Ole Jacob Hystad og Svein Olav Herstad

Laurdag 13. mars - kl 14:00
Stord kulturhus

Stord jazzklubb i samarbeid med Stord kulturhus.

Duoen Svein Olav Herstad (flygel) og Ole Jacob Hystad (saxofon) er eit prosjekt som er uforutsigbart i forhold til musikken sitt uttrykk.
Saman og kvar for seg har dei to jobba innan mange musikksjangrar og treng slik sett ikkje noko nærare presentasjon.
Duoen starta opp med stor suksess i ei iskald Moster gamle kyrkje før jul i 2018.
No presenterer dei både eigenskriven jazz (SOH) og standards på sin særeigne måte, med både stillferdige og kraftfulle uttrykk.