BounceAlarm

Fredag 12. mars
Stord Hotell kl. 19:00

BounceAlarm er ein sekstett med utspring frå jazzlina i Trondheim. Med sine eigne friske komposisjonar tar bandet med seg gamal jazztradisjon inn i eit nytt landskap. Bandleiarane Ingrid Øygaard Steinkopf og Elisabeth Lid Trøen har fått med seg eit knippe unge, dyktige jazzmusikarar med ei vidstrakt blåserekkje og eit stødig komp.

Komponist og bandleiar Ingrid Øygard Steinkopf vart i fjor haust heidra med Norsk jazzforums Storbandpris 2020, og i april same året fekk saksofonist og bandleiar, Elisabeth Lid Trøen, Vossajazzprisen.

BounceAlarm er eit ensemble som gjerne presenterer store mengder melodisk pop-teft kamuflert bak jazzinstrumenteringa. Filosofien er enkel – bandet vil syna at improvisert instrumentalmusikk kan vera både underhaldande og dansbart. Bandet har alt fått presentert seg på London Jazzfestival og fekk gode tilbakemelding frå All About Jazz. Også debutplata «Bouncing Through Some Banging Tunes» har hausta mange lovord.

Konserten vert arrangert i samarbeid med Vestnorsk jazzsenter.

Elisabeth Lid Trøen – tenorsaksofon
Ingrid Øygard Steinkopf – piano, fløyte
Christian Cuadra – altsaksofon
Sturla Hauge Nilsen – trompet
Morten Berger Stai – kontrabass
Rino Sivathas – trommer