Home Eventarkiv Scheen Jazzorkester & Ståle Storløkken

Scheen Jazzorkester & Ståle Storløkken

«Double Reality Beyond Space and Time»

Scheen Jazzorkester har sidan 2010 produsert og gitt ut 8 album, av dei inneheld 7  originalskrivne bestillingsverk frå fleire av bandet sine eigne medlemmer. No er det duka for ein ny ekstern komponist, ingen ringare enn sjølvaste Ståle Storløkken som har skrive musikken. Storløkken skal og vera med i bandet som musikar og solist.

Storløkken har følgjande tankar om verket: 

“Som musiker har ett av mine hovedfokus alltid vært lyd, spesielt elektronisk frembrakt lyd. Fra studietiden av har jeg bygd opp et instrumentarium av synther med egenart og selvbygde elektroniske lydmodulatorer. Etter hvert har jeg også jobbet med lydmanipulering via sampling og bruk av digital signalprosessering. På den andre siden har jeg også vært fasinert av blandingen av elektronisk og akustisk lyd; hvordan elektronisk lyd kan ha en “akustisk” kvalitet og vice versa. Og så har jeg alltid vært opptatt av at man ikke skal låse musikken til en stilart eller et uttrykk, men åpne for impulser fra ulike typer musikk, uttrykk eller genre.»

Det er duka for ein heilaften i Storløkken sitt mangefasetterte univers, kor hans spanande musikalske idéar skal samanflettast med Scheen Jazzorkester!

Scheen Jazzorkester (SJO) blei starta i 2010 som eit profesjonelt jazzorkester med base i Skien. Bandet har sidan klart å etablera seg som ei sterk stemme på den norske og europeiske jazzscenen, og er i dag Sørnorsk Jazzsenter sitt regionale store ensemble. SJO har 8 kritikarroste album bak seg. Det siste albumet «Logical Fallacies» kom ut på Jazzland Records i september sist haust. I tillegg blei produksjonen filma og vist på NRK2. Dei gjennomførde og ein omfattande turné med den amerikanske superstjerna, trompetisten Ambrose Akinmusire og vokalist Live Maria Roggen som gjestemusikarar. SJO består av 12 musikarar med bakgrunn frå både jazz og klassisk musikk. Dette gir bandet eit særeige og mangefasettert uttrykk som spenner frå klassisk kontemporær samtidsmusikk, via orkestrale tilnærmingar til europeisk kammerjazz.

Ståle Storløkken – tangentar/komposisjonar

Jon Øystein Rosland – tenorsaxofon

Guttorm Guttormsen – saxofonar/fløyte

André Kassen – saxofonar

Line Bjørnør Rosland – klarinettar

Finn Arne Dahl Hanssen – trompet

Thomas Johansson – trompet

Magne Rutle – trombone

Mats Äleklint – trombone

Åsgeir Grong – basstrombone

Eyolf Dale – tangentar

Jan Olav Renvåg – bass

Audun Kleive – trommer

Dato

21.04.2023
Expired!

Tid

20:00 - 22:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Nettsted
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar