Home Eventarkiv Air Play (Stord Jazzfest)

Air Play (Stord Jazzfest)

Fair Play var ein kvintett som spelte saman frå 1982-1992. I dei åra med Trond Kopperud på trommer.Etter hans bortgang har dei andre medlemene bestemt seg for å samla dei musikalske trådane og spela saman igjen utan trommer i besetninga, med namnet Air Play.

Alle medlemene er sterke musikalske personlegdomar i norsk jazz og har opp gjennom åra samarbeidd i mange ulike prosjekt. Musikken er skriven av alle bandmedlemene og er fylgjeleg farga av dei ulike ståstadene deira, likevel med ein tydeleg profil tufta på ein felles jazzmusikalsk tradisjon. Air Play er fellesskap, samspel, impro, klang, rytmikk og magi i felles uttrykk både tutti og solistisk.

Vigleik Storaas: Briljant pianist som har spelt og speler med alt av nasjonale og internasjonale jazzmusikantar. Vann Spelemannsprisen i 1995 og 1997. Han er førsteamanuensis ved NTNU Jazzlinja i Trondheim.

Tor Yttredal: Kjent for dei fleste på Stord, stording som han i utgangspunket er. Spelar alt, sopran og tenorsax og har eit særs sterkt uttrykk både som komponist og instrumentalist. Han har spelt med musikarar som Audun Kleive, Ståle Storløkken, Chic Corea og Trondheim Jazzorkester. Han jobbar som professor i saxofon ved universitetet i Stavanger.

Johannes Eick: Den teknisk briljante mannen med den unike 6-strengs bassen skapar musikk som fyller rommet! Han har også motteke Spelemannsprisen, og gjeve ut innspelingar i eige namn og saman med ei rekkje norske toppmusikarar.

Elin Rosseland: Songar, komponist/tekstskapar, har jobba med mange prosjekt og musikarar. Ho er ein bauta i norsk jazz. Fair Play var hennar sterke møte med desse musikarane, der komponering, tekstskaping og improvisasjon møttes for alvor. Ho har fått støtte frå Norsk Kulturråd for å skriva bestillingsverk for Air Play. Elin mottok norsk jazz si høgaste utmerking, Buddyprisen i 2023.

Helga 20. og 21. september skal Stord Jazzklubb arrangera Stord Jazzfest i lag med Stord Hotell.  Her vil me saman skapa minneverdige stunder for musikkelskarar!

Jazzklubben sin intensjon er å presentera ei jazzig helg med flotte band både fredag og laurdag. Hotellet vil tilby ei helg med overnatting og spanande meny i flotte omgjevnader. Her vil det swinga og gynga gjennom heile helga, og ganen vil og kunna få nye og positive opplevingar.

Air Play:

Elin Rosseland – vokal

Vigleik Storaas – piano

Tor Yttredal – saxofonar

Johannes Eick – bass

Dato

21.09.2024
Expired!

Tid

18:00 - 20:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Nettsted
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar