Kira Martini Kvartett
8. mars kjem vokalisten Kira Martini med sin kvartett frå København til Stord Jazzklubb. Bandet som Martini har spelt saman med sidan 2012, er ei gruppe sterke personlegdomar frå den danske jazz-scenen som har ei solid forankring i swing og groove. Kvar av musikarane set sitt personlege preg på musikken som er full av nerve og sjel. Saman skaper dei ein spesiell sound med ein raud tråd, same om dei spelar gamle choro-låtar frå Brasil eller Bob Dylan tilsett afrikanske rytmar.
Orkesteret har eit breitt og variert repertoar innan jazz, blues og soul, og dei skaper musikk det verkeleg svingar av. Dei sju platene Kira Martini har gitt ut med dette orkesteret, har alle fått strålande kritikkar av danske musikkmeldarar. På det siste albumet frå 2024, «Open Wide», som består av eigne komposisjonar, finn ein låtar i grenselandet mellom jazz, folk og soul, med inspirasjon frå artistar som Joni Mitchell, Carole King, Eva Cassidy og Nick Drake.
Kira Martini formidlar jazzens sjel med djup kjærleik og respekt. Ho blir rost for si formidlingsevne og allsidighet og for songskrivinga der ho vandrar mellom ulike genrar. Martini er vanskeleg å setja i bås. Ho elskar å blanda inspirasjonar frå både nord og sør, også med påverknad frå Brasil, kor ho tidlegare har budd.
Kira Martini Kvartet gjesta Stord Jazzklubb i 2018, og me ser med forventning fram til eit gjenhøyr med desse fine musikarane frå København!
Kira Martini Kvartet (DK)
Kira Martini – vokal
Mads Søndergaard – piano, trekkspel
Joel Illerhag – bass
Morten Ærø – trommer