4 x 70

Dei fire musikarane i dette bandet har mange ting til felles: Alle høyrer til generasjonen som etablerte seg i norsk jazz på 70-talet. Dei har alle spelt med kvarandre i ulike konstellasjonar, kjenner kvarandre godt, og har pleia omgang i nesten 50 år. Sist, men ikkje minst, dei er alle fødde i same året, 1953, og runda såleis 70 år i 2023. Dette syntest dei faktisk at det var grunn til å feira, også sidan alle fire framleis er i kontinuerleg aktivitet som musikarar. No held dei fram med å gi konsertar også inn i 2024. Det tok altså 70 år før dette bandet såg dagens lys. Alle musikarane har som nemnt spelt med kvarandre, men aldri samtidig før no. Det er duka for både felles forståing og mange felles referansar i musikken dei ønskjer å formidla. Ikkje minst finst det eit stort felles repertoar som også inneheld eigne komposisjonar av medlemene i bandet.

Medlemene i «4 X70»:

Vidar Johansen – div. saksofonar, bassklarinett og fløyte

Vidar Johansen har vore medlem av, og spelt inn plater med ei rekkje grupper, som Out to Lunch, Lotus, Anne Marie Giørtz Band, Søyr, Bugge Wesseltoft New Conception, Jacob Young Band, Lonely Woman, Radiostorbandet, samt eigen trio og kvartett. Han har skrive ei mengd komposisjonar og bestillingsverk.  Vidar Johansen er ein allsidig instrumentalist som trakterer alle typar saksofonar i tillegg til fløyte og bassklarinett.

Erling Aksdal – piano

Erling Aksdal, jazzpianist og komponist med utdanning frå m.a. New England Coservatory of Music, har opptredd og gjort innspelingar med mange kjende norske jazzmusikarar og mange internasjonale namn som Chet Baker, Elvin Jones, Warne Marsh og Lee Konitz. Han har skrive musikk for teater og film, kammermusikk, store jazzensemble, i tillegg laga ei rekkje jazzlåtar. Sidan 1990 har Erling Aksdal undervist ved Institutt for musikk, NTNU i Trondheim, kor han også har vore instituttleiar og fagleg leiar for NTNU Jazzlinja i mange år.

Sigurd Ulveseth – bass

Sigurd Ulveseth har i mange år vore ein av våre mest etterspurde bassistar og ein sentral musikar i jazzmiljøet i Bergen. Han har m.a. samarbeidd mykje med pianistane Knut Kristiansen, Dag Arnesen og danske Ben Besiakov. I tillegg til å medverka på mange plateinnspelingar med andre, har han spelt inn tre album med eigen kvartett som inkluderer Adam Nussbaum, Dag Arnesen og Knut Riisnæs. Denne kvartetten har også turnert over store deler av verda. Sigurd Ulveseth har mottatt Jaden Jazzklubb pris i 1991, Vossajazzprisen i 1998 og Statoils Sildajazzpris i 2009.

Tom Olstad – trommer

Tom Olstad har vore profesjonell musikar i Oslo frå 1975, og han jobba på 70-, 80- og 90-talet som teater- og studiomusikar ved sida av å spela jazz. Han var mykje brukt i NRK i desse åra. Tom Olstad har sete bak trommene med mange kjende norske jazzmusikarar, som Egil Kapstad, Laila Dalseth, Calle Neumann, Einar Iversen, gruppa Søyr samt Radiostorbandet. Han har også spelt med mange besøkjande utanlandske stjerner, som Art Farmer, James Moody, Eddie Harris, Mal Waldron, Bernt Rosengren, Ben Besiakov og Kjeld Lauritsen. Tom Olstad har sidan 1991 vore Karin Krog sin faste trommeslagar, og spelt fast i Knut Riisnæs kvartett, John Surman Valhalla Quartet, samt i Vidar Johansen kvartett.

Dato

13.01.2024
Expired!

Tid

20:00 - 22:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Nettsted
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar