Home Eventarkiv 9 grader nord

9 grader nord

Energisk, mystisk og rytmisk

9 grader nord for ekvator finn me byen Jaffna på Sri Lanka, kor halvparten av medlemmene i bandet har sitt opphav. Bandet består av søstrene Mira og Dipha Thiruchelvam, Jakob Sønnesyn og Jakob Sisselson Hamre.

Saman byr kvartetten på ei blanding av ei rekke ulike sjangrar, som baila, flamenco, jazz og karnatisk musikk. 9 grader nord slepte si svært etterlengta debutplate «Jaffna» i 2019. Dagbladet omtalte det som «Ei energibombe av en debut». I 2020 vann Mira Edvardprisen i kategorien “Årets utfordrer” for albumet. Med instrument som bambusfløyte og cajon ønskjer 9 grader nord å ta publikum med på ei musikalsk reise nærare instinkta. Deira kraftfulle og særeigne musikkstil har treft både publikum og kritikarar heime. Dei har hausta lovord og blitt invitert med på spanande samarbeid med blant andre Bergen Filharmoniske Orkester og KORK på NRK. Dei har trollbunde publikum på festivalar over heile landet, inkludert Vinjerock, Moldejazz, Bergenfest, Træna, Olavsfest, samt SPOT-festivalen i Aarhus.

Eit sitat frå Bergens Tidende: «Annerledes og originalt! I høyeste grad. Sært? På ingen måte. Men 9 grader nord beviser for all verden at her er musikere med potensiale til å gjøre det stort. Både fordi de har et særegent uttrykk, men mest av alt fordi 9 grader nord ganske enkelt er et skikkelig bra band.»

Konserten er i samarbeid med Internasjonal Kulturklubb på Stord.

9 grader nord:

Mira Thiruchelvam – fløyte, kor, gitar, perkusjon

Dipha Thiruchelvam – vokal, fløyte, gitar, perkusjon

Jakob Sønnesyn – bass, kort

Jakob Hamre – perkusjon, kort

Lars-Andreas Forthun – lydteknikar

Date

16.12.2023
Expired!

Time

20:00 - 22:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Website
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Organizer

Stord Jazzklubb
Billettar