Home Eventarkiv Arild Andersen Group (Stord Jazzfest)

Arild Andersen Group (Stord Jazzfest)

Ei ny norsk supergruppe

Etter eit par suksessfulle og utselde spelejobbar på norske festivalar i 2018 bestemte meisterbassisten Arild Andersen seg for å halda fram med å jobba med dette bandet, parallelt med sin bejubla trio. Arild Andersen Group har no spelt mange konsertar saman, både i Noreg og i utlandet.

ARILD ANDERSEN GROUP kaller han bandet, der han har valt nokre av sine absolutte favorittmusikarar frå den yngre generasjonen:

Marius Neset, sopran- og tenorsax. Han har gjort ei kometkarriere både som saksofonist og komponist, med verk for store ensemble som London Sinfonietta, Bergens Philharmonic og KORK. Den unike spelestilen hans kan raskt gå frå tett og rytmisk kompleks til mjukt og inderleg vakkert.

Helge Lien, piano. Hans delikate pianospeling, som finn inspirasjon i Bill Evans sin lyrikk, Keith Jarrett sin fantasi og Brad Mehldau sitt subtile uttrykk, har skaffa han internasjonal anerkjenning. Han har gitt ut ti album med sin eigen trio.

Håkon Mjåset Johansen – trommer, er kjent for sitt samarbeid med Trondheim Jazzorkester og Ensemble Denada, men også med Bugge Wesseltoft og Nils Petter Molvær.  Han har også gitt ut ein CD kor kvartetten hans har Chick Corea som gjest.

Arild Andersen sjølv, bassisten med den varme tonen, kan verkeleg kallast ein legende! Stilig, allsidig og med eit stort namn internasjonalt.

Allereie i 1967 begynte han å spela med Jan Garbarek, Terje Rypdal og Jon Christensen. Dei påfølgjande åra spelte han med Sonny Rollins, Don Cherry, Chick Corea, Dexter Gordon, George Russell og mange, mange andre. På 1980-talet starta han det legendariske bandet Masqualero med Jon Balke, Nils Petter Molvær, Jon Christensen og Tore Brunborg. Dei siste åra inkluderer samarbeid med blant andre Pat Metheny, Joshua Redman, Makoto Ozone og Marcin Wasilewski. Han har gitt ut 22 plater i eige namn på ECM. Heile diskografien er eit stykke jazzhistorie. Men framfor alt er han fast forankra i samtida, og hans store spel og kreativitet er kombinert med ein utsøkt teknikk. Han komponerer også fantastisk musikk, og det meste av repertoaret i denne Arild Andersen-gruppa består av Arild sine låtar.

Sitat frå konsertmeldingar

”Det er ganske utrolig at en kvartett med fire individualister, fire musikere på øverste toppnivå, klarer å spille så vanvittig samstemt, som om de var en eneste felles musikalsk organisme…. Dessuten hadde vi sjefen for kvartetten, Arild Andersen, som virkelig ga sitt publikum noen magiske opplevelser på bassen, der han sto bøyd over instrumentet med et bredt smil og skuldrene litt oppheist av ren skjær begeistring.”        Live Sætre, Dagningen (frå Dølajazz)

”Det kan skuldast alderen, men underteikna slit med å hugsa ein betre opningskonsert. Snakk om å setja standarden!” Nils Kvamsdal, Avisa Hordaland, Rubrik: ”Makelause Andersen”      (frå Vossajazz)

”Andersen, med den største, feiteste og varmeste tonen i bassen, har vært en mester til å finne unge, spennende musikere å jobbe med og bli utfordra av. Slik er det også i dette bandet, men vulkanen Håkon Mjåset Johansen på trommer, lyrikeren i superklasse Helge Lien på piano og en av verdens beste og mest uttrykksfulle saksofonister anno 2020, Marius Neset, er jo både relativt unge, men alle godt etablerte også langt utenfor Harald og Sonjas grenser.”            Tor Hammerø (frå Molde 2020)

Arild Andersen – bass

Helge Lien – piano

Marius Neset – sax

Håkon Mjåset Johansen – trommer

  • 00

    dager

  • 00

    timer

  • 00

    minutter

  • 00

    sekunder

Dato

16.09.2022

Tid

20:00 - 22:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Nettsted
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar