Home Eventarkiv Arne Skage & The Procastinators (Stord Bluesfest)

Arne Skage & The Procastinators (Stord Bluesfest)

Arne Skage &The Procastinators.

Gitarist Arne Skage er ein veteran innan blues-, roots-, og americana-miljøet i Noreg. Skage har vore med som  musikar frå (Rita & Frank) Eriksens storhetstid og har 30 år som blueskonge-pianist Reidar Larsens si høgre hand. Skage sin distinkte slidegitar har vore å høyra på hits og scener sidan 1990.

Skage har samarbeidd i ulike prosjekt med ei rekkje internasjonale toppmusikarar opp gjennom åra, som Roy Rogers, George Porter Jr, Doug Belote, John Papa Gros, John Mooney, Terence Higgins, Johnny Vidacovich, CyrilNeville, for å nemna nokre. Dei seinare åra har han vore produsent for blant anna spellemannsvinnar Daniel Eriksen sitt “Barefoot amongst scarecrows”-album (2020) og for spellemannsnominerte Joe Rusi si “Who I am”-plate (2015).

I februar 2021 kom solodebuten etter å ha medverka på over 70 plateproduksjonar for andre artistar.

Plata har fått gode kritikkar i inn- og utland med femmarar i Stavanger Aftenblad, Nettavisen og Bluesnews. Dagbladet sin Øyvind Rønning hadde plata på si topp-20-liste over beste album i 2021. Bluesblast Magazine (US) og Blues in the South Magazine (UK) var også raus med superlativa.

Repertoaret er basert rundt eige materiale frå solodebut-plata “Procrastination Blues”, samt ein god dose med New Orleans-gullkorn frå Allen Toussaint, Baby Dodds, ispedd litt Taj Mahal og Little Feat. Trommeslagar på plata, Terence Higgins frå The Dirty Dozen Brassband, kategoriserte musikken som New Orleans streetbeat og swampfunk.

Arne Skage – gitar, vokal

Tor Einar “Dr.”  Bekken – piano, trekkspel og kor

Jørun Bøgeberg – bass og kor

Stein Inge Brækhus – trommer

Heimeside: www.skage.com

Facebook: SKAGE MUSIC – Home

Spotify: Skage | Spotify

Dato

28.01.2023
Expired!

Tid

21:00 - 23:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Nettsted
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar