Home Eventarkiv Atle Hansen og Bømlablues (Stord Bluesfest)

Atle Hansen og Bømlablues (Stord Bluesfest)

Mange kjenner Atle Hansen som forfattar og visesongar, og tidlegare profilert journalist i Sunnhordland, men det var med blues det heile starta. Eldstebroren, Audun, kom heim til Moster frå Storden med Stones-plater, der var «Confessing the blues» og «King Bee». Med konfirmasjonspengane kjøpte han to LP-ar av John Mayall. Og då han song for første gong til dans som 14-åring var det i bandet Red House, med namn etter ein låt av Jimi Hendrix.

Då han flytta til Stord i 1980 møtte han Kurt Slevigen, som hadde John Mayall skrive med store bokstavar på ryggen av regnjakka. Dei to vart venner, dei jamma i saman i Kurt sitt kjellarrom i Sandbrekko, og over ti år seinare, starta dei Blue Soul i Bergen, Atle som vokalist, Kurt som gitarist. I bandet var også Ole Jacob Hystad og Finn Halleraker.

Før det var Atle Hansen vokalist i Husnes Blueslag nokre år og på nittitalet var han primus motor i Bakeriet Bluesband saman med Ole Jacob og Finn, Egil Torp og ei rad yngre musikarar som i dag høyrer til kremen av jazz- og rock-musikarar i landet.

BØMLABLUES er bygd på Atle Hansen sin kjærleik til gammal blues og soul og er ei samling songar til dels basert på kjende låtar, og dels inspirert av songar han har høyrt på. Alt framført med Atle Hansen sine nye tekstar på sunnhordlandsdialekt/bømladialekt og med forteljingar om hakka galne bømla damer (Honky Tonk Woman), Mazda Salli (Mustang Sally) og menn som, slik det skal vera i blues, både er einsame, drikk for mykje og endar i senga til damer dei ikkje burde gått til sengs med, og konsekvensane det får når dei kjem heim til kona.

BØMLABLUES er også eit band med musikarar frå Bømlo. Rubbaren Rolf Martin Haldorsen spelar gitar, slik han også gjer i Tubesnakes m.a., Frode Kvandal spelar bass slik han har gjort med ei mengd band og musikarar og bak trommer og symbalar sit Hans-Olav Molde, som me sist såg på NRK-konsert saman med Bjørn Tomren og KORK. Og slik det skal vera i denne sjangeren er det også med ein kvinne-trio med eige namn, MaMaK, MArte Belsvik Hansen, som også er solist på eit par songar, MArit Skeie og Kristine Olsen. Dei er ikkje reinhekla bømlingar, men har alle sterke band til menn med bømlablod i årene.

Atle Hansen – gitar –vokal

Rolf Martin Haldoesen- gitar

Frode Kvandal – bass

Hans Olav  Molde- trommer og cymbalar.

MaMaK – koring.- vokal

Marte Belsvik Hansen, Marit Skeie og Kristine Olsen

Dato

28.01.2023
Expired!

Tid

19:00 - 21:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Nettsted
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar