Bergen Blues Band (Stord Jazzfest)
Bergen Blues Band vart samla att i 2018. Bandet vart starta i 1974 og var svært populært på 1970 og -80 talet, med hitlåtar som «Jump`n Shout`n Dance», «Another Blues» og «Meanest Blues« med fleire. Dei turnerte heile Skandinavia både på festivalar og klubbar. Låtane vart spelt på radio verda rundt og var på hitlistene i fleire land. Medlemmane i Bergen Blues Band har vore aktive musikarar i inn- og utland sidan 1970- talet. Dei er framleis i støtet, og ser fram til å møta publikummet på Stord Jazzklubb igjen! Same gjengen spelte på Grand Hotell våren 2019. Bergen Blues Band har gitt ut tre plater på EMI. BBB vil framføra sine største hits, samt nye låtar.
John Magnar Bernes (Hungry John) – vokal/munnspel
Ole Thomsen – gitar
Atle Mjørlaug – bass
Willy Korneliussen – trommer
Helga 22. og 23. september skal Stord Jazzklubb arrangera Stord Jazzfest i lag med Stord Hotell. Her vil me saman skapa minneverdige stunder for musikkelskarar!
Jazzklubben sin intensjon er å presentera ei jazzig helg med flotte band både fredag og laurdag. Hotellet vil tilby ei helg med overnatting og spanande meny i flotte omgjevnader. Her vil det swinga og gynga gjennom heile helga, og ganen vil og kunna få nye og positive opplevingar.