Home Eventarkiv Bonati –Yttredal Duo

Bonati –Yttredal Duo

Bonati – Yttredal Duo feat. J.D. Bishop

Stord Jazzklubb ynskjer Tor Yttredal, Roberto Bonati og lyddesignar John Derek Bishop velkomne til Stord kyrkje 10. mai. Stordingen Yttredal og italienske Bonati har samarbeidd i fleire år. I 2019 kom deira første utgjeving «Some Red Some Yellow». Innspelinga fekk strålande kritikkar i norsk og internasjonal presse.

Intensjonen med samarbeidet er å skapa eit akustisk og estetisk lydbilde med element frå ulike musikkformer musikarane har jobba med opp gjennom åra. På denne konserten bidreg den anerkjente lyddesignaren John Derek Bishop med ein elektronisk klangleg dimensjon i interaksjon med duoen sitt akustiske uttrykk.

Tor  Yttredal – saksofon

Roberto Bonati – basss

John Derek Bishop – lyddesign

Dato

10.05.2022
Expired!

Tid

20:00 - 22:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord kyrkje
Stord

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar