Home Eventarkiv Chrome Hill

Chrome Hill

Chrome Hill spelar på Stord Jazzklubb 11. mars! Bandet sitt nyaste album «This is Chrome Hill» fekk strålande kritikkar i norsk og internasjonal presse.

Dagsavisen skriv: «Chrome Hill har det meste!» Chrome Hill består av barytongitarist og komponist Asbjørn Lerheim, saksofonist Atle Nymo, kontrabassist Roger Arntzen og trommeslager Torstein Lofthus. Dei har sidan oppstart i 2001 gjeve ut seks album og spelt konsertar i Noreg, Sverige, Frankrike, Japan, England og Portugal. Neste stopp på turnélista etter Stord, er Tokyo! Bandet har gjesta Japan heile fem gonger og har spelt på dei beste klubbane i Tokyo. To av albuma til Chrome Hill var på lista for årets beste plater til Øyafestivalen (2008 og 2013).

Mørkt og mollstemt. Dette er grunnstemninga på «This is Chrome Hill». Albumet er kontrastfylt, inspirert av filmatiske og musikalske stemningar. Tenk Twin Peaks og Tom Waits. Liv, ljos, mørke, død, – kontrastar! Livsfasar, – ikkje ei spesiell hending, men summen av mange.

Asbjørn Lerheim – barytongitarist og komponist

Atle Nymo – sax

Roger Arntzen – kontrabass

Torstein Lofthus – trommer

Video av «Light» frå bandet sitt nyaste album “This is Chrome Hill” her:

Lenke til «This is Chrome Hill»:

https://open.spotify.com/album/0az5AenClKua8aId5uQNnA?si=gPMXKy1ZSbW2tPELRyZQQA

https://tidal.com/browse/album/159288767

Dato

11.03.2023
Expired!

Tid

20:00 - 22:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Nettsted
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar