Home Eventarkiv Cortex med Hedvig Mollestad

Cortex med Hedvig Mollestad

I samarbeid med 100 Dagar og Vestnorsk jazzsenter arrangerer Stord Jazzklubb konsert på Arena/Frugård 8. mars kl. 17.00. På scenen står jazzkvartetten Cortex som har med seg sjølvaste Hedvig Mollestad som gjesteartist.

Cortex er ein energisk kvartett grunnlagt av Thomas Johansson i 2007. Med sine originale komposisjonar legg dei vekt på dynamikk, groove, interaksjon og sjangermiks. Bandet speler beintøff jazz med frie rammer, men med solide melodiske og rytmiske element. Musikarane deler ei felles musikalsk plattform i amerikansk avantgardejazz frå 60- og 70-talet. Don Cherry er eit referansepunkt, men dette er musikarar som også høyrer på Dave Douglas og John Zorn. Cortex er eit brennheitt kollektiv med usedvanlege solistar, anten dei speler i eit vanvittig tempo eller tar dynamikken heilt ned i det sarte og vare.

Med seg har dei den moderne nasjonalskatten Hedvig Mollestad – jazzgitaristen ein stad mellom Terje Rypdal og Iron Maiden – som både bidrar med heftige riff og lange linjer. Mollestad sjølv var elev hos Jon Eberson og dukkar gjerne opp i bandet til Bernhoft, og innimellom med Jon Balke, Trondheim Jazzorkester og Hilde Kjersem. Undervegs har ho laga tingingsverk til Vossa Jazz og Parken i Ålesund, samt vore Artist in Resident på Moldejazz. Ho har vunne Årets Unge Jazztalent, Musikerprisen til Kongsbergjazz og Spellemann for albumet Ekhidna. Saman med Cortex lagar ho energimusikk som får kroppen til å rista av fryd.

 

Cortex med Hedvig Mollestad

Thomas Johansson – trompet

Kristoffer Berre Alberts – saksofonar

Ola Høyer – bass

Dag Erik Knedal Andersen – trommer

Hedvig Mollestad – gitar

Dato

08.03.2024
Expired!

Tid

17:00 - 19:00

Meir info

Billettar

Stad

Arena
Arena, Leirvik, Stord

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar