Home Eventarkiv Eivind Austad Trio

Eivind Austad Trio

Eivind Austad er ein norsk jazzpianist utdanna frå jazzlina i Trondheim (NTNU). Dei siste 20 åra har han etablert seg som frilansmusikar med base i Bergen. Han har samarbeidd med fleire kjente artistar som Ole Hamre, Sigurd Køhn, Frode Alnæs og Sigvart Dagsland. Han underviser på jazzlina ved Griegakademiet og spelar m.a. i «Living Space» m/Kjetil Møster.

Eivind Austad Trio har eksistert i over 20 år. Repertoaret er eigenkomponert og farga av klassisk musikk, gospel, folkemusikk og moderne jazz, med referansar som Bill Evans, EST, Keith Jarrett, Brad Mehldau m.fl. Debutplata «Moving» frå 2016 fekk strålande mottaking frå inn og utland. Oppfølgaren, «Northbound» frå 2019 vart nemnd blant dei mest spennande utgjevingane i Europa i mai 2019 og valt til ein av årets plater hos musikknettstaden Audiophile. «Live in Oslo» er eit konsertopptak frå 2020 som vart sloppe digitalt i desember 2022. Trioen er no i ferd med å sluttføra arbeidet med si fjerde innspeling.

Magne Thormodsæter er førsteamanuensis ved Griegakademiet og ein av  dei aller mest brukte bassistane i landet. Han har spelt på over 50 platealbum og turnert med ei rekkje norske og utanlandske artistar, m.a. Terje Rypdal, Karin Krog, John Surman, Marius Neset og Diana Krall.

Håkon Mjåset Johansen har vore ein av dei mest brukte trommeslagarane i ei årrekkje og har spelt med alt som kan krypa og gå innan norsk jazz. Han har også ei imponerande internasjonal merittliste å visa til, som m.a. omfattar konsertering med artistar som Michael Brecker, Chick Corea og Jan Garbarek.

Både Austad, Thormodsæter og Mjåset Johansen  har gjesta Stord Jazzklubb fleire gonger tidlegare, som deltakarar i ulike band. Det er med gleda og forventing me ønskjer desse fine musikarane til atthøyr i Stord Jazzklubb! Austad fortel at det sjølvsagt også kan henda at det kan snika seg inn en julelåt eller to som ein del av konserten, sidan høgtida ikkje er så langt unna.

Eivind Austad Trio :

Eivind Austad – piano

Magne Thormodsæter – bass

Håkon Mjåset Johansen – trommer

  • 00

    dager

  • 00

    timer

  • 00

    minutter

  • 00

    sekunder

Dato

14.12.2024

Tid

18:00 - 20:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Nettsted
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar