Home Eventarkiv Espen Eriksen Trio med Andy Sheppard

Espen Eriksen Trio med Andy Sheppard

Melodiske meistrar i samarbeid med britisk jazzstjerne.

Espen Eriksen Trio og den prisvinnande britiske saksofonisten Andy Sheppard spelte sin første konsert saman i London i 2016. Frå første tone var det klart at dette var ein perfekt match. For å sitera jazznettstaden All About Jazz, “the symbiosis between the saxophonist and the trio is truly remarkable”. I 2018 gav dei ut si første plate saman, «Perfectly Unhappy». Den vart til etter turnear for fulle hus rundt om i Europa, følgt opp med livealbumet «In the Mountains». Etter 15 år, med ein jamn straum av kritikarroste plater på Rune Grammofon og turnering verda over, er Espen Eriksen Trio godt etablert på den internasjonale jazzscenen. Med sin melodiske minimalisme, subtile komposisjonar og tette samspel har dei skapt sin heilt eigen sound.

Andy Sheppard på si side har gjennom sin meir enn 40 år lange karriere spelt med jazzlegendar som Gil Evans, George Russell og Carla Bley. Han gir også ut plater i eige namn på plateselskapet ECM. Saman skaper dei fire musikarane melodisk jazz av beste merke som har fått meldarane til å henta fram superlativa og trekkja linjene tilbake til Keith Jarrett og Jan Garbarek sin legendariske «Belonging»-kvartett. I haust kjem deira tredje, og trioens sjuande, utgivnad. Vi får med andre ord servert rykande fersk musikk frå scenen på Stord Hotell denne kvelden.

Andy Sheppard – saksofon

Espen Eriksen – piano, komposisjonar

Lars Tormod Jenset – bass

Andreas Bye – trommer

 

Website: www.espeneriksentrio.com

Facebook: www.facebook.com/espeneriksentrio

Dato

21.10.2023
Expired!

Tid

20:00 - 22:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Nettsted
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar