Home Eventarkiv Fliflet/Hamre (Stord Jazzfest)

Fliflet/Hamre (Stord Jazzfest)

Jazzklubben inviterer til musikalske krumspring med gledespreiing.

I musikken til Fliflet/Hamre står leikelyst og innleving sentralt, og det meste kan skje: Rå balkantonar dundrar ut mellom vare nordiske moll-perler og jødiske melodiar til ettertanke, eller mellom norske kysttonar og italienske partisansongar.  Og Harald Sæverud blir dregen med på 9-takts-kalas hos serbiske sigøynarar …

Fliflet/Hamre fører saman musikk av ulikt opphav, og skaper eit eige, personleg landskap.

Duoen har «halde koken» sidan 1991. Trass i frekke sleivspark utstrålar dei framleis glede over å vera på same lag. Dei har overskot til å dela leiken sin med andre. ”Sære og populære”, seier musikantane om seg sjølve på nettstaden sin, og det høver godt.

Duoen gjorde stor suksess då dei gjesta jazzklubben i 2018! Kom og opplev desse gledespreiarane denne laurdags ettermiddagen!

Denne konserten er ein del av Stord Jazzfest, ein minifestival som Stord Jazzklubb, i samarbeid med Stord Hotell, ønskjer skal bli eit årleg prosjekt i siste del av september. Klubben vil presentera ei jazzig helg med flotte band både fredag og laurdag, og hotellet vil tilby ei helg med overnatting og spanande meny i flotte omgjevnader. Her vil det swinga og gynga gjennom heile helga!

 

Dato

17.09.2022
Expired!

Tid

15:00 - 17:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Nettsted
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar