Fredriksberg Jazz Ensemble
Haustsesongen i Stord Jazzklubb startar med utekonsert i samarbeid med Gamle Fengselet Kulturhotell på Leirvik. Utescena er oppgradert og vi garanterer god stemning når Fredriksberg Jazz Ensemble spelar opp til ettermiddagskonsert! Strålande sol er bestilt.
Fredriksberg Jazz Ensemble vart stifta i 1973 og feirar 50 år i år. Bandet har for det meste jobba med tradisjonell jazz. I periodar er dei tydeleg inspirerte av europeiske artistar og arrangørar. Dei seinare åra har innslag frå swing- og latinjazzen blitt meir sentrale i repertoaret. Eigne arrangement er også med på å setja sitt tydelege og spesielle preg på framføringane deira. Godt humør og ei uformell stemning er viktige stikkord for denne erfarne septetten. No er det Silje Louise Spurkeland som frontar bandet på vokal. Som alltid når dette bandet entrar scenen, lovar dei særs god stemning.
Fredriksberg Jazz Ensemble:
Audun Sæbø – trompet/flygelhorn
Erlend Dyrnes – klarinett/altsaksofon
Stein Håvardstun – trombone
Chlas Skrugstad – gitar
Alex Grieg – bass
Ole Feste – trommer
Silje Louise Spurkeland – vokal