Home Eventarkiv Freedom Tree

Freedom Tree

World-jazz med Freedom Tree

Midt i november får Stord Jazzklubb besøk av FREEDOM TREE, ein multikulturell jazztrio som har oppnådd internasjonal popularitet for deira strålande framføringar. Trioen, tidlegare kjende som «Freedom´s Trio», valde å gjera ei lettare namne-endring i 2021, og dei fall for namnet FREEDOM TREE, eit namn som gir rom for ei djupare tolking. Trioen gjesta Stord Jazzklubb våren 2019 og fekk då utruleg god respons hos publikum.

Bandet sitt konsept er moderne world-jazz med afro-brasilianske rytmar, med røter i både gammal og ny tid. Det sist innspelte albumet deira har fått tittelen « MODERN ACOUSTIC WORLD JAZZ ROCK». Dette albumet blei tatt opp «live» i studioet under pandemien.

Musikarane i bandet er gitarist Steinar Aadnekvam, opprinneleg frå Bergen, perkusjonist/trommeslagar Deodato Siquir frå Mosambik og elbassist Rubem Farias som vaks opp i Brasil. Alle tre brukar og stemma si på ein del av musikken dei serverer. Trioen har sin base i Stockholm.

Steinar Aadnekvam, oppvaksen i Bergen, har dei siste ti-tolv åra hausta internasjonal merksemd for musikken sin. Han er ein av få som spelar moderne jazz på akustisk nylongitar. Det store gjennombrotet fekk han i 2010 etter å ha vore finalist i Jazzintro under Molde Jazzfestival. Då debutplata «Simple Things» kom ut like etterpå, vart han invitert til festivaljobbar i heile Nord-Europa.

Aadnekvam har budd fleire år i Brasil, m.a. for å kunna jobba med brasilianske musikktradisjonar. Her møtte han ein av dei mest ettertrakta unge instrumentalmusikarane i Brasil, bassisten Rubem Farias. Fattigguten vaks opp i slummen i den brasilianske delstaten Bahia. Han utmerka seg veldig tidleg ved å syna sterke musikalske evner, noko som førte til at han fekk byrja på musikkonservatorium i Sao Paulo berre 13 år gamal. Her studerte han med mange av dei beste musikarane i landet.

I 2015 gav Aadnekvam ut si fjerde plate, «Freedoms Trio», saman med Rubem Farias og Deodato Siquir. Sistnemnde er ein afrikansk multiinstrumentalist med lang fartstid som anerkjent side-man i mange world-music prosjekt verda rundt. Til saman har trioen opptredd på fleire hundre konsertar i 17 land i Europa, Eurasia, Afrika og i USA, men i 2020 vart det ein brå stopp. No er det heldigvis atter fritt fram for å kunna by publikum på ekte, levande kvalitetsmusikk!

Torsdag 17. november vil trioen leia ein workshop for unge musikkstudentar/musikarar på Stord vidaregåande skule. Workshopen er open for alle. Jazzklubben vil i god tid annonsera tidspunkt og opplysningar om påmelding.

På konserten med FREEDOM TREE laurdag 19. november får stordabuen og andre interesserte høve til å høyra trioen servera eigenkomponert musikk med heftige innslag av world-jazz-rock blanda med tropiske rytmar på Stord Hotell. Jazzklubben og Internasjonal Kulturklubb (IKK) samarbeider om å arrangera denne konserten.

Steinar Aadnekvam – gitar/vokal

Rubem Farias – bass/vokal

Deodato Siquir – trommer/vokal

  • 00

    dager

  • 00

    timer

  • 00

    minutter

  • 00

    sekunder

Dato

19.11.2022

Tid

20:00 - 22:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Nettsted
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar