Home Eventarkiv GAMMALGRASS
Gammalgrass

GAMMALGRASS

Genial musikalsk humor som må opplevast.
Stord Jazzklubb inviterer inn til nytt jazzår på Stord Hotell  med bandet Gammalgrass. Trioen Stian Carstensen, Ola Kvernberg og Ole Morten Vågan er kvar for seg markante musikarar innan jazz og nærliggande musikk. Då dei gjekk saman i trioen Gammalgrass, oppdaga dei at norsk gammaldans på mange måtar var overraskande lik tradisjonell bluegrass-musikk.
Stian Carstensen er mest kjend som frontfigur i bandet Farmers Market. Han er ein multiinstrumentalist, og spelar m.a. trekkspel, gitar, banjo, bulgarsk fløyte og sekkepipe. Gammalgrass er med andre ord ein virtuos, genial miks av musikk og humor, presentert av tre musikarar som set kvarandre i stemne både verbalt og musikalsk. Med stort overskot og enorm leikelyst serverer dei den herlegaste salongmusikken du kan tenkja deg, med innslag frå kvar ein krik og krok i Europa og frå samtlege musikalske sjangrar. Dette er verdsklasse, og ingen konsert med dette trekløveret er den andre lik.
Dette er ein konsert alle jazzinteresserte på Stord og omegn bør få med seg. 

Det nye samarbeidet med Stord Hotell gjer at du no kan kombinera musikk med eit måltid i restauranten før eller etter konserten. 


Stian Carstensen – trekkspel, banjo, pedalsteel, gitar
Ola Kvernberg – fiolin, viola, mandolin
Ole Morten Vågan – bass

Dato

15.01.2022
Expired!

Tid

20:00 - 22:00

Meir info

Billetter

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Nettsted
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billetter