JulaJam med Stord Storband og lokale artistar
Stord Storband og JulaJam 2024
Stord Storband igjen! Konsert først, deretter kjem den tradisjonelle julejammen som startar like etterpå.
Storbandet oppstår med jevne mellomrom og spelar konsertane sine oftast i romjula. Mange av musikarane er profesjonelle og saman med semiproffar og nokre få topp amatørutøvarar leverer storbandet prestasjonar på svært høgt nivå kvar gong. Bandet har mange eineståande musikantar/solistar og denne gongen er mellom andre den Oslo-baserte stordvenen og trompetisten Marius Tobias Hoven med. Me lovar eit låtvalg som denne gongen spenner frå vakker tradisjonell storbandmusikk til heftige funky rytmar. Kort sagt kan me vente oss eit fyrverkeri av ein konsert! Gjestesolist denne gongen er ingen ringare enn den bergenske vokalisten Linda Farestveit.
Dirigent: Stein Roseth
Komp: Tarald Tvedten – trommer, Toivo Fjose – bass, Øystein Kvinge – piano/keyboards, Roald
Trombone: Pål Roseth, Marius Tobias Hoven, Tørres Edvardsen, Robert Sylta
Trompet: Geir Lund, Per Lund, Åge Østrem, Eli Nina Barsnes Onarheim
Treblås: Jan Kåre Hystad, Tor Yttredal, Ole Jacob Hystad, Ole Christian Ottestad, Gunnar Onarheim
Så håpar klubben å få mange lokale musikkheltar opp på scenen resten av denne jazzkvelden. Nokre musikarar vil bli kontakta og oppfordra til å stilla opp med 2-3 låtar, men det er absolutt mogleg for alle musikarar/musikantar å nytta sjansen til å be om å få delta, enten som soloartist eller som gruppe. Dei i husorkesteret vil stå klare til å gi backing til dei som måtte ønskja det. Det er fint om de tar kontakt med Ole Jacob Hystad (9064 5440) eller Øystein Kvinge (9201 6895) dersom de har lyst til å delta på scenen på jazzklubben sin JulaJam 2024.
Husorkester:
Øystein – piano
Ole Jacob Hystad – sax
Toivo Fjose – bass
Tarald Tvedten – trommer