Home Eventarkiv Karin Krog og The In-Between-Times

Karin Krog og The In-Between-Times

Endeleg vil jazzdronninga vår, Karin Krog, stå på Stord Jazzklubb sin scene!  

Karin starta allereie som 18-åring i Kjell Karlsens sekstett i 1955. I over 65 år har me altså hatt gleda av å kunna høyra vokalisten med den særeigne stemma. Ho syng med ei varm, uttrykksfull røyst og formidlar ein tekst med meir overtyding enn ein emissær maktar. Trass i den lange fartstida i jazzen si teneste, er Karin Krog framleis ein framifrå songar og formidlar!

Karin Krog har alltid hatt sitt eige, høgst personlege uttrykk, om det er med Jan Garbarek, Niels-Henning Ørsted Pedersen, Dexter Gordon, Steve Kuhn, Bengt Hallberg eller sambuar John Surman. Karin blei tildelt ​Buddy-prisen allereie i 1965, og seinare har ho fått fleire Spellemannprisar og til og med blitt innlemma i Rockheim Hall of Fame. Det seier det meste. Ho er eit førebilete for generasjonar av musikarar. Repertoaret hennar spenner over heile jazzsjangeren, frijazz, standardlåtar, funky soul, storband og solo. Karin Krog har gjort alt!

Etter meir enn ti år saman, har trioen ho har saman med gitarist Staffan William Olsson og bassist Terje Gewelt, utvikla eit kammermusikalsk samspel på høgt nivå, – enten det er originalkomposisjonar eller songar frå The Great American Songbook dei presenterer. Det læt leikent, gripande og virtuost.

  • 00

    dager

  • 00

    timer

  • 00

    minutter

  • 00

    sekunder

Dato

16.03.2024

Tid

17:00 - 19:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Nettsted
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar