Home Eventarkiv Knut Riisnæs Quartet

Knut Riisnæs Quartet

Knut Riisnæs har gjennom førti år vore i fremste rekke blant norske jazzsaksofonistar og blir med rette kalla ein bauta i norsk jazz. Han har gitt ut fem eigne innspelingar, motteke to spellemannprisar og har gjennom åra delteke på utallige innspelingar med andre artistar. Han har også blitt tildelt Buddyprisen, som er den høgaste utmerkinga i norsk jazz. Sidan november 2012 har Riisnæs vore leiar for ein kvartett med fire av våre mest rutinerte jazzmusikarar, som alle er heilt på heimebane innan den musikalske retninga bandet har staka ut, med tydelige røter i den moderne amerikanske jazztradisjonen. Bandet har to plateutgjevingar bak seg: «2nd Thoughts» frå 2016, og «The Kernel» frå 2019, begge på Losen Records. Musikken er til tider hardtswingande, til tider sart og ettertenksam, med komposisjonar av bandmedlemene, i tillegg til bidrag henta frå så vel ”The Great American Songbook” som fra samtidige musikarkolleger.

Knut Riisnæs – tenorsaksofon

Anders Aarum – piano

Jens Fossum – bass

Tom Olstad – trommer

Dato

02.04.2022
Expired!

Tid

20:00 - 22:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Nettsted
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar