
Olga Konkova Trio/Per “The Bass Viking” Mathisen Trio (Stord Jazzfest)
Olga Konkova er vår jazzpianist-dronning. Ho er eit fyrverkeri på instrumentet med ein utruleg dynamikk, alt frå det stille og lyriske, til overveldande tordenskrall. Med Per Mathisen på kontrabass og den engelske stjerne-trommisen, Gary Husband, er trioen i verds-klasse.
Olga Konkova Trio:
Olga Konkova – piano
Per Mathisen – bass
Gary Husband – trommer
Per “BASS VIKING” Mathisen er noreg sin Jaco Pastorius på el.bass og Niels Henning Ørsted Pedersen på kontrabass. Per spelar med eit arsenal av lydar og instrument med virtuose ferdigheitar, på både den elektriske og den akustiske bassen. Med Bodø sin største son på piano og synthesizarar, Jan G. Hoff, og Gary Husband på trommer er bandet verkeleg ein “powerhouse” trio av dei sjeldne.
Per “The Bass Viking” Trio:
Jan Gunnar Hoff – piano
Per Mathisen – bass
Gary Husband – trommer