Home Eventarkiv Lekerommet

Lekerommet

Lekerommet – Kyllingen som ikkje kunne synge

Konserten blir arrangert for alle barn som går i 1. klasse i grunnskulen i Stord kommune.

Konserten er og open for andre «barn i alle aldrar», så langt det er plass i salen. Konserten er gratis.

Trioen Lekerommet møtte kvarandre på jazzlinja ved Griegakademiet og skreiv konserten til Festspillene i Bergen i 2014. Seinare har konserten blitt spelt på Moldejazz, Kongsberg Jazzfestival, Nattjazz, Mandaljazz, og trioen har turnert fleire gonger i Hordaland, på Sørlandet og på Østlandet. Våren 2017 gav Bergen Jazzforum ut musikken på CD der det fysiske eksemplaret har ein booklet med fantastiske illustrasjonar av Marie Hjelmerud.

Framsyninga, som består av berre eigenskriven tekst og musikk, er for barn i alle aldrar og varer i om lag førti minuttar.

Handlinga er om ein fisefin kylling som er lei av det skitne livet på bondegarden, og drøymer om å ein dag få bu på sjølvaste slottet, langt borte frå grisebæsj og hestelort. Dette vil han få til ved å smelta kongens hjarte med vakker song. Problemet er at kyllingen ikkje kan syngja. I løpet av framsyninga treff vi mange rare dyr som kanskje kan hjelpa kyllingen, mellom anna ein forelska rev, eit sjølvoppteke ekorn, salsadansande kyr og mange fleire. Barn og vaksne får alle vera med å dansa og å syngja for å hjelpa kyllingen på si klassereise, flytting til ein ny samfunnsklasse.

Lekerommet er:

Karoline Wallace – vokal, ukulele, synth

Andreas Rotevatn – trombone og piano (vikar for Håvard Funderud)

Petter Asbjørnsen – kontrabass

Dato

21.10.2022
Expired!

Tid

12:00 - 14:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Kulturhus
Hamnegata 1, 5411 Stord
Nettsted
https://www.stord.kulturhus.no/

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar