Home Eventarkiv Marius Neset Quintet (Stord Jazzfest)

Marius Neset Quintet (Stord Jazzfest)

”Hans svindlande sinne för det oväntade gör hans musik ständigt utmanande och överraskande. Nesets egenkomponerade musik är ömsom kantig och ekvilibristisk, med plötsliga taktbyten, och ömsom lyrisk och svindlande vacker.”  (Annika Westmann)

 Marius Neset er ein musikar som femnar svært breitt med musikken sin. Han har skrive ikkje mindre enn 3 orkesterverk for London Sinfonietta: Snowmelt, Viaduct och Geyser, som vart uroppført i Royal Albert Hall i september 2022, som ein del av BBC Proms-serien.  

 The Guardian sin legendariske jazzkritikar John Fordham har kalla han ”a young titan in European new music” i samband med den utselde konserten hans på Ronnie Scott’s i London, og han var den einaste musikaren busett i Europa som kom inn på Downbeat si liste “25 for the future, that will shape the future of the jazz in the years to come”. Men i 2022 skreiv Brian Morton i Downbeat: “He’s not the future of European jazz, he’s the present.” 

 Marius Neset si musikarkarriere strekk seg over 20 år. Då han var berre rundt 20 år, turnerte han rundt heile verda med JazzKamikaze – dei spelte i USA, Asia og Nord-Afrika.  Til kvintetten som kjem til Stord, har han handplukka musikarane ut frå at dei skal vara kreative og spennande, men også ha tekniske og rytmiske evner som matchar komposisjonane hans. To av musikarane har faktisk spelt med Marius heilt sidan 2003 då dei møtte kvarandre på Rytmisk Konservatorium i København, nemleg pianisten Magnus Hjorth, og Anton Eger som har vore trommeslagar i Marius Neset Quintet heilt sidan bandet vart starta i 2011. Dei to andre er frå London og svært aktive i fleire band. Pianisten Elliot Galvin har gitt ut fire trioplater, og soloplata hans vart ”Album of the Month” i The Guardian. Han har, som Marius, komponert bestillingsverk for London Sinfonietta. Bassisten Conor Chaplin har spelt mykje med Marius sin ”gamle” kvintett, er medlem i Dinosaur og har også spelt med Billy Cobham, Bobo Stenson, Jacob Collier og mange andre.   

Marius Neset Quintet:

Marius Neset (NO) – sax  
Elliot Galvin (UK) – keyboard 
Magnus Hjorth (SE) – piano 
Conor Chaplin (UK) – elbass 
Anton Eger (SE) – trommer  
  • 00

    dager

  • 00

    timer

  • 00

    minutter

  • 00

    sekunder

Dato

21.09.2024

Tid

21:00 - 23:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Nettsted
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar