Home Eventarkiv Per Mathisen, Nguyen Le & Audun Kleive

Per Mathisen, Nguyen Le & Audun Kleive

Per “BASS VIKING” Mathisen har sett saman denne “powerhouse”-trioen med den franske stjernegitaristen Nguyen Le og den fabelaktige Audun Kleive på trommer.

Dette bandet er eit stjernelag som presenterer musikk som spenner frå lyriske, akustiske landskap til høgspent-rocka og funky jazz. Alle tre er individuelle virtuosar med ekstreme evner på instrumenta sine og samspelet er tett og eksplosivt.

Per “BASS VIKING” Mathisen spelar både kontrabass og elektrisk bass. Han er født inn i den mest kjende musikalske familien i Noreg, og han vert ofte omtalt som Noregs svar på Niels Henning Ørsted Pedersen på kontrabass og Jaco Pastorius på el-bass. Han har spelt i heile 45 forskjellige land verda over og gitt ut 17 CD-ar under eige namn, som leiar, komponist og produsent.

Per spelar jamleg med nokre av dei mest kjende jazzmusikarane i verda, – for å nemna nokre: Alex Acuna, Mike Stern, Gary Husband, Terje Rypdal, Bill Evans, Adam Nussbaum, Keith Carlock og Maria Schneider.

Nguyen Le er plateartist, komponist og arrangør.  Han er Frankrike sin mest kjende gitarist verda over. Han har gitt ut 16 CD-ar i eige namn og spelt med superstjerner som Herbie Hancock, John Scofield, Maria Schneider og Peter Erskine. Han har motteke mange prestisjetunge prisar for arbeidet sitt.

Audun Kleive er plateartist, komponist, produsent og den mest kjende av alle nolevande trommeslagarar i Noreg. Han har vore med på ein lang rekkje plate- innspelingar og turnert med Terje Rypdal, Jøkleba, Charles Loyd, Marilyn Mazur. I 2018 fekk han den høgaste jazz-utmerkinga i Noreg, – “Buddy prisen”.

Per Mathisen – kontrabass, elbass

Ngueyen Le – gitar

Audun Kleive – trommer

https://soundcloud.com/permathisen?id=954661135

Dato

14.10.2023
Expired!

Tid

20:00 - 22:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Nettsted
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar