Home Eventarkiv Hildegunn Øiseth Kvartett (Stord JazzFest)

Hildegunn Øiseth Kvartett (Stord JazzFest)

Ei av dei mest kraftfulle uttrykka for «The Nordic Sound» tilhøyrer Hildegunn Øiseth. Anten det er med trompeten eller bukkehornet, så fyller ho rommet med ein energisk og poetisk varme som er unikt henne. Undervegs har ho sjonglert Trondheim Jazzorkester og Marilyn Mazur samstundes som ho har turnert med eigen musikk, – og no er ho snart aktuell med si femte plate. Med seg på scenen har ho eit stjernelag med norske musikarar. Tidlaust, elegant og draumande.

Helga 22. og 23. september skal Stord Jazzklubb arrangera Stord Jazzfest i lag med Stord Hotell.  Her vil me saman skapa minneverdige stunder for musikkelskarar!

Jazzklubben sin intensjon er å presentera ei jazzig helg med flotte band både fredag og laurdag. Hotellet vil tilby ei helg med overnatting og spanande meny i flotte omgjevnader. Her vil det swinga og gynga gjennom heile helga, og ganen vil og kunna få nye og positive opplevingar.

HILDEGUNN ØISETH – trompet, bukkehorn

PER ODDVAR JOHANSEN – trommer

ESPEN BERG – piano

MAGNE THORMODSÆTER – bass

Dato

23.09.2023
Expired!

Tid

19:00 - 21:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Nettsted
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar