Home Eventarkiv Runar Nørsett Trio (Stord Jazzfest)

Runar Nørsett Trio (Stord Jazzfest)

Herleg forfriskande og overraskande frå Runar Nørsett Trio.

 Saman med svenske Fredrik Sahlander på elbass og Tobias Øymo Solbakk frå Harstad på trommer, begge busett i Kristiansand, har Nørsett skapt ein empatisk, groovy og melodisk liten kohort der den ofte songbare melodien står i sentrum. Dette er vakker, intim og inderlig jazzmusikk skapt av tre herrar som tydelegvis likar kvarandre og det dei driv på med. Den nyaste plata til trioen (2021) rommar spenningsfylte harmoniar som vert klokt forvalta og som løftar den nordiske jazzen inn i ei verd av kunst, litteratur og draumar.

Helga 22. og 23. september skal Stord Jazzklubb arrangera Stord Jazzfest i lag med Stord Hotell.  Her vil me saman skapa minneverdige stunder for musikkelskarar!

Jazzklubben sin intensjon er å presentera ei jazzig helg med flotte band både fredag og laurdag. Hotellet vil tilby ei helg med overnatting og spanande meny i flotte omgjevnader. Her vil det swinga og gynga gjennom heile helga, og ganen vil og kunna få nye og positive opplevingar.

Fredrik Sahlander – Elbass

Tobias Øymo Solbakk –trommer

Runar Nørsett – piano

spoti.fi/2IntWno

Dato

23.09.2023
Expired!

Tid

15:00 - 17:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Nettsted
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar