Home Eventarkiv Nils Petter Molvær Group

Nils Petter Molvær Group

Stord Jazzklubb i samarbeid med Stord kulturhus:

Nils Petter Molvær og dei framståande medmusikantane hans kjem til Stord! Det er umogeleg å ikkje bli dregen inn i Molvær sitt energiske og stemningsfulle lydunivers. 

 Nils Petter Molvær er ein av Noregs mest internasjonalt ettertrakta musikarar. Etter gjennombrotet med albumet Khmer (1997), har han halde fram med å dyrka fram sitt eige uttrykk i skjeringspunktet mellom jazz, ambient, house og elektronika, hiphop, rock og pop. Når han kjem til Stord i april, er det med eit ferskt album i bagasjen. Me gler oss til å høyra Molvær og bandet framføra sin nye musikk på Stord. 

Sidan starten med albumet Masqualero i 1982, har trompetisten, komponisten og produsenten Molvær sett tydelege spor innan improvisert musikk i Europa. Så langt har han gitt ut ni album under eige namn, i tillegg til ei rekke verk for film og tv, dokumentarar og skodespel. Molvær sitt førre soloalbum Buoyancy frå 2016, fekk ei eventyrleg mottaking. Han mottok Spellemannpris for beste jazzplate dette året, og full pott i Aftenposten: «Det låter som om en gjenglemt The Beatles-stubb har blitt brakt inn i en storslått elektronisk verden og gitt nytt liv på Nils Petter Molværs premisser.» 

 Nils Petter Molvær gav i fjor ut det heilt eineståande albumet “Stitches”, som har fått strålande kritikk over heile verda. Saksa frå Tor Hammerø sin omtale av albumet: «Med «Stitches» befester Molvær sin posisjon, sitt uttrykk og sin stadige søken etter å gå videre

Nils Petter Molvær (trompet / elektronikk) 

Johan Lindström (gitarer / lap steel) 

Jo Berger Myhre (bass / elektronikk) 

Erland Dahlen (trommer)  

Sven Persson (lyd) 

 

Dato

03.05.2022
Expired!

Tid

20:00 - 22:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Kulturhus
Hamnegata 1, 5411 Stord
Nettsted
https://www.stord.kulturhus.no/

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar