Home Eventarkiv AVLYST: Olga Konkova Trio/Per Mathisen Trio 

AVLYST: Olga Konkova Trio/Per Mathisen Trio 

Olga Konkova Trio/Per Mathisen Trio 

Konserten er diverre avlyst.

Olga Konkova har gitt ut plata “OPEN SECRET” og Per Mathisen “GLADIATOR” hausten 2021. Begge platene har allereie fått fantastiske kritikkar frå inn og utland. I januar 2022 legg trioane ut på Noregsturne og skal vitja ei lang rekke stader.

Olga Konkova er utvilsamt Noregs ukrona jazzpianistdronning. Ho er eit fyrverkeri på instrumentet sitt med ein utruleg dynamikk. Alt frå det stille og lyriske til overveldande tordenskrall kjem ut frå musikaliteten og fingrane hennar med største sjølvfølgje.

Med Per Mathisen på kontrabass og den engelske stjerne-trommisen Gary Husband, er trioen ikkje mindre enn i verdsklasse.

 

Per “BASS VIKING” Mathisen er Noregs svar på Jaco Pastorius på el-bass og Niels Henning Ørsted Pedersen på kontrabass. Per spelar med eit arsenal av lydar og instrument og har virtuose evner, på både den elektriske og den akustiske, som grensar til det uverkelege. Med Bodø sin aller største son på piano og synthesizarar, Jan Gunnar Hoff, og engelske Gary Husband på trommer, er bandet verkeleg ein “powerhouse”-trio av dei sjeldne.

 

Olga Konkova Trio:

Olga Konkova – piano

Per Mathisen – kontrabass 

Gary Husband – trommer

 

Per “BASS VIKING” Mathisen Trio: 

Per Mathisen –  el- og akustisk bass.

Jan Gunnar Hoff  –  piano / synthesizer 

Gary Husband – trommer

Dato

22.01.2022
Expired!

Tid

20:00 - 22:00

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Nettsted
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Arrangør

Stord Jazzklubb