Home Eventarkiv Organ Jam (Stord Jazzfest/JazzBar)

Organ Jam (Stord Jazzfest/JazzBar)

Organ Jam – Kraftjazz med fotbass

Organ Jam har fått strålande mottaking for sin friske stil. Kombinasjonen Hammond B3, trommer og to saksofonar er sjelden. Det karakteristiske Hammond B3-orgelet med fotbass gjer at lydbildet blir rått og kraftfullt. Musikken varierer frå rolege, lange strekk, til rå og svingande bop. Kvar for seg har dei fire musikarane vore toneleiande i ei rekkje samanhengar i mange år. Dei har gitt ut fleire plater i eigne namn, og som side-men delteke på ei lang rekkje innspelingar.

Fleire av bandmedlemmene bidrar sterkt til repertoaret, med eigne komposisjonar og arrangement av kjende og ukjende låtar frå det store jazzbiblioteket. Noko av musikken kan karakteriserast som hardtsvingande blues og standardjazz. Musikken får likevel eit sterkt personleg utrykk fordi den er arrangert med tanke på kvar enkelt musikar sine spesielle kvalitetar. Alle dei dei fire musikarane har nær tilknyting til Stord, – dei to saksofonistane er til og med søskenbarn som har vakse opp i lag her.

Denne Jazzpub-kvelden vil Organ Jam garantert gje publikum ei humørfylt, heit og svingande musikkoppleving!
Denne Jazzpub-kvelden er ein del av Stord Jazzfest, ein minifestival som Stord Jazzklubb, i samarbeid med Stord Hotell, ønskjer skal bli eit årleg prosjekt i siste del av september. Klubben vil presentera ei jazzig helg med flotte band både fredag og laurdag, og hotellet vil tilby ei helg med overnatting og spanande meny i flotte omgjevnader. Her vil det swinga og gynga gjennom heile helga!

Tor Yttredal – saksofonar

Ole Jacob Hystad – saksofonar

Svein Olav Herstad – hammondorgel

Stein Inge Brækhus – trommer

Gjest: Jens Fossum – kontrabass

Dato

17.09.2022
Expired!

Tid

22:00 - 00:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Nettsted
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar