Home Eventarkiv Pandemic Solution

Pandemic Solution

Jazztrio med smittsam speleglede! 

Denne trioen såg dagens lys i oktober 2020 då pianist Norvald Dahl inviterte Ingebrigt Håker Flaten og Håkon Mjåset Johansen for å gjera ein konsert saman i Fosnavåg Konserthus. Konserten blei ein suksess og bandet legg no ut på sin første turné!

Norvald Dahl er i frå Fosnavåg og har lang fartstid som leiar for ulike musikalske prosjekt. Han fullførte Mastergrad ved Norges Muikkhøyskole i 2019, og har turnert ein del på Vestlandet med orkester som “Norvald Dahl trio + Jon Irabagon” og “Wayne Brasel kvartett”. Dahl har gitt ut sitt tredje album i eige namn, og driv no plateselskapet Blåmann Records. Under pandemien har Dahl nytta tida til å skriva ny musikk for trio og for eit handplukka stjernelag av norske musikarar! Me får høyra Dahl sine eigne komposisjonar så vel som godbitar frå den amerikanske songboka i lekre arrangement!

Bassist Ingebrigt Håker Flaten har sidan 1995 vore ei drivande urkraft i norsk jazz, og han hadde nyleg ansvar for tingingsverket på Vossajazz. Med sitt energiske spel har han vore ein sentral del i grupper som The Thing, Atomic, Free Fall, Scorch Trio, Kornstad/Håker Flaten Duo og mange fleire. I 2006 flytta han til Chicago og etablerte The IHF Chicago Quintet/Sextet, og han har i fleire år vore busett i Texas der han etablerte Austin-bandet Young Mothers. Flaten har dei siste par åra vore busett i Noreg og turnérer no verda rundt. Ingebrigt har mellom anna spelt med musikarar som Frode Gjerstad, Dave Rempis, Bobby Bradford, AALY Trio, Ken Vandermark, Stephen Gauci, Tony Malaby, Daniel Levin, og Dennis Gonzalez.

Trommeslager Håkon Mjåset Johansen har posisjonert seg som ein av dei fremste jazzmusikarane landet vårt har å by på, og han blei i 2008 peika ut som den første NTNU-jazzambassadøren, ein tittel som årleg blir tildelt ein jazzartist eller -gruppe som på ein framifrå måte fungerer som ambassadør for NTNU og jazzmiljøet i Trondheim. Han gjekk ut frå jazzlinja ved NTNU i 1995 og slo tidleg igjennom med trioen Urban Connection og blei så kåra til ein av «Årets unge jazzmusikere» i 1998. Samtidig var han medverkande i profilerte grupper som Motif, Come Shine og Trondheim Jazz Orchestra, som spelte med Chick Corea på Moldejazz i 2000. Mjåset Johansen har og spelt med store stjerner som Michael Brecker, Steve Grossman, Jan Garbarek, Mark Turner, Roger Kellaway, og Nils Petter Molvær. I 2013 vann han DnB-prisen på Kongsberg Jazzfestival.

Me vonar at denne konserten blir eit friskt og spennande innslag i ein elles så pandemisk kvardag, og me håpar mange tar turen for å oppleva Pandemic Solution i fri utfalding.

Norvald Dahl – piano

Ingebrigt Håker Flaten – bass

Håkon Mjåset Johansen – trommer

 

Lytteeksempel: https://www.youtube.com/results?sp=mAEB&search_query=Pandemic+Solution+%22The+Vision%22

Dato

19.02.2022
Expired!

Tid

20:00 - 22:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Nettsted
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar