Home Eventarkiv Jørgen Sandvik Permanent Vacation (Stord BluesFest)

Jørgen Sandvik Permanent Vacation (Stord BluesFest)

Under Stord Jazzklubb si  Blueshelg entrar Jørgen Sandvik Permanent Vacation scenen i Valhall (Stord Hotell) 27. januar kl. 21.00.

Mange veit at den allsidige musikaren, vokalist og gitarist Jørgen Sandvik, etter kvart er blitt stordabu, og som bandnamnet tilseier, er han sjef for denne kvartetten. Med seg har han Anders Bitustøyl, Jan Petter Myklestad og Nils Are Drønen. Bandet spelar heftig blues med godt rom for improvisasjon. Repertoaret består av Jørgen sine eigne låtar og klassikarar frå bl.a. John Mayall og forbildet Peter Green.

 Jørgen Sandvik fekk Spellemannsprisen for sitt første soloalbum som kom ut i 2018! Albumet, med same tittel som bandnamnet, består av ei blanding av coverlåtar og sjølvskrive materiale, og det har hausta mange rosande ord frå musikkjournalistar landet rundt.

Jørgen er ein av dei mest rutinerte sceneartistane i landet. Han er ei viktig stemme i norsk blues! På avlutningskonserten denne blueshelga blir det servert blues med både trøkk og «feeling»!

I januar 2020, kort tid før pandemien la eit mørkt teppe over alle kulturaktivitetar, gjesta dette bluesbandet Stord Jazzklubb sin scene, den gong med tilhald på Grand Hotell. Konsertsalen var fullstappa og publikum var særs nøgde med det Jørgen og medmusikantane hans makta å formidla frå scenen!

Dato

27.01.2024
Expired!

Tid

21:00 - 23:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Nettsted
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar