Home Eventarkiv Signe Førre Trio

Signe Førre Trio

Komponisten, vokalisten og kontrabassisten Signe Førre er eit nytt, men likevel ikkje mindre spanande namn for Stord Jazzklubb sitt konsertpublikum. Signe er i ferd med å staka ut ein musikarkarriere, og med på vegen har ho, ved dette høvet, fått med seg to fine musikarar, Eivind Austad på piano og Raymond Storaunet Lavik på trommer. Signe Førre var Ukas Jazzprofil tidlegare i år og ho har fleire band og prosjekt med ulik musikk på programmet. På denne konserten får me høyra vakre balladar og klassikarar frå swingperioden. Signe vil og presentera eigekomponert materiale med til dømes fengjande jazz med full trøkk, behagelege bossarytmar og makedonsk folkesong med nyskrive jazzarrangement. Stikkord som ein gjerne kan nytta om musikken til Signe, er leikande, utforskande, jagande, opprørsk og kraftfull. Men, så vil og behageleg, roskapande og vakkert kunna nyttast om enkelte deler av konserten hennar.

Signe Førre har laga ein ny versjon av den makedonske folkesongen Jovano Jovanke som handlar om Jovana som sit ved elva Vardar og ventar på sin kjære som ho aldri kan få, sidan foreldra ikkje støttar deira kjærleik. Jazztolkinga av denne songen har blitt omtalt som nyskapande vakker og magisk.

Signe Førre debuterte som bandleiar allereie som 19-åring under Vossa Jazz 2014, saman med Elisabeth Lid Trøen på saksofon, Eivind Austad på piano og Håkon Mjåset Johansen på trommer. Ho har spelt med mange kjende musikarar, som Andy Sheppard, Marius Neset, Laura Jurd, Zoe Rahman, Dag Arnesen m.fl.

Eivind Austad er pianist og rektor på Griegakademiet i Bergen. Han er ein allsidig pianist som gjennom si karriere har spelt med ei lang rekkje andre musikarar, som til dømes Terje Isungset, Thomas Dahl, Kjetil Møster, Ingebrigt Håker Flaten, Frode Alnæs, Ole Hamre,  Sigvart Dagsland, Sigurd Køhn, Stein Torleif Bjella, Rune Larsen, Arnold Børud, Peter Sandwall, Christina Bjordal, Shannon Powell, Tricia Boutté  og Helen Eriksen. Eivind Austad har og delteke på mange album.

Raymond Storaunet Lavik er vikar for Håkon Mjåset Johansen ved dette høvet.

Line up:

Signe Førre – kontrabass, vokal

Eivind Austad – piano

Raymon Storaunet Lavik – trommer

Dato

22.10.2022
Expired!

Tid

15:00 - 17:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Nettsted
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar