Home Eventarkiv Siri’s Svale Band (Stord Jazzfest)

Siri’s Svale Band (Stord Jazzfest)

Alle 5 medlemene i dette bandet er profesjonelle musikarar. SSB vart etablert for 35 år sidan og hadde sitt gjennombrot som den norske hovudattraksjonen ved Jazzfestivalen i Molde i 1989. Bandet har turnert i Noreg og Europa, og gitt ut tre CD’ar: ”Blackbird” (1990) ”Necessarily So…” (1997) ”Sval E Afinado” (2018.)

Dei to første CD’ane fekk overstrømmande mottakingar frå publikum og frå internasjonale kritikarar, både på bakgrunn av ein heilt spesiell sound med vokal, to bassar, baritonsaxofon og trommer, og på bakgrunn av ein unik lydproduksjon. Repertoaret som vert  framført på konsertane, er henta frå bandet sine tre CD´ar, og består av nye originale arrangement av jazz-standardlåtar blanda med komposisjonar av medlemene i bandet. Siri’s Svale Band sin spesielle besetning gir bandet eit unikt uttrykk: Dei to bassistane forsterkar og utfyller kvarandre, og fråværet av eit tradisjonelt akkordinstrument gir ein open tekstur som inviterer til melodisk, lineær improvisasjon.

Heilt frå starten av har Siri’s Svale Band ynskt å uttrykkja ein slags dualitet: På den eine sida å vera ein del av ein klassisk jazztradisjon, på ei anna side å vidareføra og komplementera denne tradisjonen. Det er nettopp i møtepunktet mellom tradisjon og innovasjon, i spenninga mellom det gitte og det uføreseielege, at Siri’s Svale Band ynskjer å engasjera og møta publikumet sitt.

Tre av bandet sine musikarar, Inderberg, Alterhaug og Waadeland, har bakgrunn som lærarar ved jazzlinja ved NTNU.  John Pål Inderberg vitja Stord Jazzklubb i 2018, då som frontfigur i SubTrio. Nokre av dykk hugsar sikkert John Pål som ein stor humorist i tillegg til den strålande musikkformidlinga han alltid maktar å gi publikum.

Helga 20. og 21. september skal Stord Jazzklubb arrangera Stord Jazzfest i lag med Stord Hotell.  Her vil me saman skapa minneverdige stunder for musikkelskarar!

Jazzklubben sin intensjon er å presentera ei jazzig helg med flotte band både fredag og laurdag. Hotellet vil tilby ei helg med overnatting og spanande meny i flotte omgjevnader. Her vil det swinga og gynga gjennom heile helga, og ganen vil og kunna få nye og positive opplevingar.

Siri´s Svale Band:

Siri Gellein – vokal)

John Pål Inderberg – saxofoner, vokal

Bjørn Alterhaug – kontrabass

Celio Barros – kontrabass/elbass

Carl Haakon Waadeland – trommer

 

Høyr (Spotify): https://open.spotify.com/artist/1ISvyfNdAQMYk4dDrCpPaP

 

  • 00

    dager

  • 00

    timer

  • 00

    minutter

  • 00

    sekunder

Dato

20.09.2024

Tid

20:00 - 22:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Nettsted
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar