Home Eventarkiv Steinar Raknes STILLHOUSE med Unni Wilhelmsen (Stord Jazzfest)

Steinar Raknes STILLHOUSE med Unni Wilhelmsen (Stord Jazzfest)

Steinar Raknes og Unni Wilhelmsen er artistar med eit sterkt særpreg. Kontrasten mellom dei to gjer at dei utfyller kvarandre på ein heilt spesiell måte. Stemmene deira passar kvarandre perfekt, og dei to har utvikla eit intuitivt og sterkt samspel. Innramma av Raknes  sin akustisk/elektriske kontrabass-sound blir konsertane vakre, unike, morosame og spennande.

Raknes og Wilhelmsen har samarbeidd før, i samband med Raknes sitt prosjekt STILLHOUSE – der han syng og spelar kontrabass. Kontrabass er det einaste instrumentet på scenen. Men Raknes spelar instrumentet som eit orkester i seg sjølv. Han har ein spelestil der han nyttar fingerspel-teknikkar som gjer at instrumentet fungerer både som ein gitar og ein bass. I tillegg tek han i bruk elektriske gitar-effekter og looping av både bass og stemmer. Dette er ein konsert som varierer mellom det nære, intime og akustiske, – til store lydbilde med fullt rocke-trøkk.

Repertoaret er hovudsakleg låtar skrive av Raknes, frå hans fire album i STILLHOUSE-serien, med hovudvekt på dei siste platene Chasing The Real Things (2018) og On The Road (2020). I tillegg presenterer dei fengjande og særeigne cover-versjonar av artistar som Bruce Springsteen, Bob Dylan og Depeche Mode.

Steinar Raknes – bass

Unni Wilhelmsen – song

 

Helga 22. og 23. september skal Stord Jazzklubb arrangera Stord Jazzfest i lag med Stord Hotell.  Her vil me saman skapa minneverdige stunder for musikkelskarar!

Jazzklubben sin intensjon er å presentera ei jazzig helg med flotte band både fredag og laurdag. Hotellet vil tilby ei helg med overnatting og spanande meny i flotte omgjevnader. Her vil det swinga og gynga gjennom heile helga, og ganen vil og kunna få nye og positive opplevingar.

Dato

22.09.2023
Expired!

Tid

19:00 - 22:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Nettsted
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar