Home Eventarkiv Steinar Raknes/Unni Wilhelmsen “Stillhouse”

Steinar Raknes/Unni Wilhelmsen “Stillhouse”

Steinar Raknes og Unni Wilhelmsen er artistar med sterkt særpreg. Kontrasten mellom dei to gjer at dei utfyller kvarandre på ein heilt spesiell måte. Stemmene deira passar kvarandre perfekt, og dei to har utvikla eit intuitivt og sterkt samspel. Innramma av Raknes ́ akustisk/elektriske kontrabass-sound blir konsertane vakre, unike, morsomme og spennande.

Raknes og Wilhelmsen har samarbeidd før, i samband med Raknes sitt prosjekt STILLHOUSE – der han syng og spelar kontrabass. Kontrabass er det einaste instrumentet på scenen. Men Raknes spelar instrumentet som eit orkester i seg sjølv. Han har ein spelestil der han nyttar fingerspel-teknikkar som gjer at instrumentet fungerer både som ein gitar og ein bass. I tillegg tek han i bruk elektriske gitar-effekter og looping av både bass og stemmer. Dette er ein konsert som varierer mellom det nære, intime og akustiske, – til store lydbilde med fullt rocke-trøkk.

Repertoaret er hovedsakleng låter skrive av Raknes, frå hans fire album i STILLHOUSE-serien, med hovedvekt på dei siste platene Chasing The Real Things (2018) og On The Road (2020). I tillegg presenterer dei fengende og særeigne cover-versjonar av artistar som Bruce Springsteen, Bob Dylan, og Depeche Mode.

Steinar Raknes – bass

Unni Wilhelmsen – song

Dato

05.02.2022
Expired!

Tid

20:00 - 22:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Nettsted
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar