Home Eventarkiv The Good, The Bad and The Groovy (Stord Jazzfest/JazzBar)

The Good, The Bad and The Groovy (Stord Jazzfest/JazzBar)

THE GOOD, THE BAD & THE GROOVY

Dette er ein trio frå Bergensområdet. Med i dette laget er Atle Johannesen, Stein Inge Brækhus og Christian Øvreaas. Atle spelar gitarar, Stein Inge sit bak trommene og Christian trakterer tangentar (bass/piano/orgel) samtidig som han er vokalisten i bandet.

GB&G likar seg i det blå spekteret av Americana-musikken. Du kan få høyra songar frå The Band, Ry Cooder, Little Feat, Jeff Turmes, Bill Withers, Stephen Foster, Dan Penn og Neil Young blant mange fleire med denne trioen, men låtane deira blir altså helst tolka ut ifrå ein blå ståstad.

Atle vil nokon kjenna att frå hans lange samarbeid med Hungry John i Bergen Blues Band, blant mange fleire. Han spelar gjerne også lap-steel gitar. Gitarspelet hans er inspirasjon for mange yngre gitaristar. Atle er ein veteran med ein solid signatur i gitarspelet sitt.

Stein Inge spelar stadig vekk med fantastiske band og musikantar frå inn- og utland. I tillegg har han ansvaret for å læra opp neste generasjons trommeslagarar, ved universitetet i Stavanger. Han er ein trommeslagar med vid kompetanse og sterk energi, som tilfører alle han spelar med, det ekstra vesle løftet.

Christian er ein mykje brukt musikar i mange ulike konstellasjonar i Bergen. Han har spelt mykje i teater/revy-samanheng, med m.a. Marit Voldsæter, og han har i meir enn 25 år vore involvert i mange forskjellige lokale og nasjonale prosjekt kor blues, reggae, soul og pop har vore på repertoaret.

GB&G er altså samansett av erfarne og dyktige musikarar som har ei leikande haldning til arbeidet, som likar seg best når dei har det kjekt på jobb, når dei får det til å gynga godt i lokalet. Gleda smittar ofte over på publikum og det er målet, kvar gong!

Ein god groove forlengjer livet!

Denne Jazzpub-kvelden er ein del av Stord Jazzfest, ein minifestival som Stord Jazzklubb, i samarbeid med Stord Hotell, ønskjer skal bli eit årleg prosjekt i siste del av september. Klubben vil presentera ei jazzig helg med flotte band både fredag og laurdag, og hotellet vil tilby ei helg med overnatting og spanande meny i flotte omgjevnader. Her vil det swinga og gynga gjennom heile helga!

Lydklipp fra Facebook:

https://www.facebook.com/wenche.aasbo/videos/10157314913225783/

https://www.facebook.com/wenche.aasbo/videos/10157610776660783/

Christian Øvreås – vokal/tangentar

Atle Johannesen – gitarar

Stein Inge Brækhus – trommer

Dato

16.09.2022
Expired!

Tid

22:00 - 00:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Nettsted
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar