Home Eventarkiv Torun Eriksen Kvartett

Torun Eriksen Kvartett

Torun Eriksen markerer 20 år som plateartist med nytt album og turné  i 2024! Med albumet Fastlandet  går ho nye vegar og gjer det meste for første gong: Tekstane er norske; formatet trio; lydlandskapet elektroakustisk; og musikken improvisert og gjennomkomponert side om side, lag på lag og samtidig.

Musikalsk makker og bassist Kjetil Dalland vekslar mellom å vera anker og fridykkar med sitt særeigne, utforskande spel. Italienske Alessandra Bossa på piano og live-electronics utvider paletten sonisk og i tid og rom – den eine augeblinken er han dvelande, den neste virvlande virtuos. Gjest Atle Nymo gir albumet ein ny dimensjon med varme og skinande klarinettar. Eriksen si stemme leiar vegen innover, over og gjennom fastlandsterrenget — Fastlandet er historier om å mista. Men også om å ta vare på det ein har mens ein har det: livet, kvarandre, augeblinken. Viktigare enn noko, og likevel så utruleg vanskeleg for oss. Fastlandet er forsøk på å laga ein stad å vera her og no. Fastlandet er Torun Eriksen sitt sjuande soloalbum på Jazzland Recordings.  Albumet kjem i mars 2024 med påfølgjande turné.

Torun Eriksen Kvartett:

Torun Eriksen – vokal

Alessandra Basso – piano, live-electronics

Atle Nymo – klarinettar

Kjetil Dalland – bass

  • 00

    dager

  • 00

    timer

  • 00

    minutter

  • 00

    sekunder

Dato

26.04.2024

Tid

20:00 - 22:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Nettsted
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar