Home Eventarkiv Thorvaldsen, Stølefjell og Marken (Stord BluesFest)

Thorvaldsen, Stølefjell og Marken (Stord BluesFest)

Kent Erik Thorvaldsen, Øyvind Stølefjell og Fredrik Zahl Marken er blant landet sine mest dedikerte musikarar når det kjem til tradisjonell blues frå 30-, 40- og 50-tallet, tida då historien i låtane var viktigast. Kent Erik og Øyvind har spelt saman over heile Noreg, og ein god del i utlandet, dei siste åra, både som duo og med Chicago blues bandet «The Jelly Roll Men». I 2017 gav dei ut det kritikarroste albumet «Jelly Roll Shuffle».

Fredrik, som no er busett på Stord, har spelt saman med Øyvind sidan 2010, og dei har blant anna spelt inn plater saman i Los Angeles. Nokre gonger i året spelar denne trioen saman, og det har du sjansen til å få oppleva når Stord Jazzklubb inviterer til Bluesfest.

På repertoaret står låtar frå artistar som Muddy Waters, Howlin Wolf, Robert Nighthawk, Son House, Sunnyland Slim, Charley Patton+++. Mellom låtane får publikum servert røvarhistoriar og personlege refleksjonar frå den humoristiske vokalisten frå Toten. Dette blir med andre ord ein feelgood blueskonsert som du ikkje må gå glipp av!

Bandet:

Kent Erik Thorvaldsen (Gjøvik) – vokal, gitar, munnspel

Øyvind Stølefjell (Arendal) – piano, vokal, gitar

Fredrik Zahl Marken (Sagvåg) – gitar, vokal.

Dato

27.01.2024
Expired!

Tid

18:00 - 20:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Nettsted
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar