Home Eventarkiv BLUESHELG: Vetrhus Bluesband

BLUESHELG: Vetrhus Bluesband

BLUESHELG 24. – 25. januar

Stord Jazzklubb i samarb. m. Stord Hotell

Vetrhus Bluesband

Vetrhus Bluesband har i år halde det gåande i 30 år. Dei har eit trufast publikum som følgjer dei, så forvent fullt hus, ein god porsjon rock´n roll, dans på borda og masse moro.

Helge Tverdal (vokal, Daniel J. Kambestad (munnspel), Kjell Arne Bauge (gitar), Kjetil Huus (bass) og Bjørn Moe (trommer) er medlemene i den Norske vestkystens mest «livate» bluesband.

Vetrhus pelar svingande Chicagoblues og rock mens dei lagar eit helsikes liv på scenen. Difor blir dei elska av sitt publikum kor hen dei reiser for å opptre. Desse fem gutane gjer seg like godt i det store formatet som på dei små intime scenane. Ingen band sprudlar slik over av speleglege som Vetrhus når dei entrar scenen. Du er hermed invitert til eit forrykande bluesrock-show på Stord Jazzklubb sin scene i Valhall på Stord Hotell! Og når lokalet blir fylt av faststemte gjester, lovar gutane i Vetrhus ein konsert du seint vil gløyma.

Date

25.01.2025
Expired!

Time

20:00 - 22:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Website
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Organizer

Stord Jazzklubb
Billettar