Home Eventarkiv Christian Wallumrød Ensemble

Christian Wallumrød Ensemble

Christian Wallumrød blir rekna for å vera ein av Noregs mest prominente musikarar og komponistar på den samtidige kunstmusikkscenen, og Christian Wallumrød Ensemble (CWE) er eit av hans hovudprosjekt. Wallumrød har i mange år samarbeidd med produsent Manfred Eicher, noko som har resultert i frem album med CWE på ECM Records, og albumet Outstairs (2013) blei heidra med Spellemannpris. Ensemblet har og gjeve ut platene Kurzsam and Fulger (2016) og Many (2020, nominert til Spellemannspris) på Hubro Music. Alle  album har blitt møtt med stor begeistring blant kritikarar og publikum rundt om i verda, og fleire av dei har og hamna på ulike ”årsbeste-lister” i nasjonale og internasjonale medier. CWE har turnert og spelt på festivalar i Noreg, Europa, USA, Canada og Japan sidan 2003.

Sitat frå kritikarar:

Jeg vet knapt om noen som har tilført norsk musikkliv mer nyskapt særpreg enn Christian Wallumrød de siste tiårene“, Arild R. Andersen, Aftenposten.”

The album is a masterpiece, by one of the most important living improvisers and composers“, Andy Hamilton, Jazz Journal (om platen Many)”

Wallumrød har saman med ensemblet utvikla sin idiosynkratiske kammermusikk over ein 20-års periode, og med ulike besetningar. Sidan 2014 har CWE bestått av disse musikarane:

Espen Reinertsen – sax, blokkfløyte, elektronikk

Eivind Lønning – trompet, elektronikk

Tove Törngren Brun – cello, elektronikk

Per Oddvar Johansen – trommer, vibrafon, elektronikk

Christian Wallumrød – piano, harmonium, elektronikk

Dato

11.11.2023
Expired!

Tid

18:00 - 20:00

Meir info

Billettar

Stad

Stord Hotell
Kjøtteinsvegen 67, 5411 Stord
Nettsted
https://stord-hotell.no/

tlf 53 40 25 00

Arrangør

Stord Jazzklubb
Billettar